Symre leppepomade naturell (15ml)

kr 100,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 out of 5

Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, heilt utan unødvendige ingrediensar. Talg gir næring og fukt. Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for dei med sensitiv hud og allergiar. Trygg og god for barn.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning.) 

Item will be shipped in 1-2 business days
Categories: , ,

Description

Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, heilt utan unødvendige ingrediensar. Talg gir næring og fukt. Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for dei med sensitiv hud og allergiar. Trygg og god for barn.

Symre leppepomade naturell er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning.) 

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Symre leppepomade naturell (15ml)”

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Shipping Policy

60 kr i frakt for alle bestillingar. Me sender over heile Noreg, som regel i løpet av 1–2 virkedager.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.
PERSONVERN

Shopping cart0
There are no products in the cart!
Continue shopping