Beskrivelse
Denne ringen har ein nydeleg håndslipa turkis. (steinen er ikkje slipa av meg) Mål på steinen er 11 x 14mm. Sølvet er oksidert for å framheve den valsa teksturen. Den har ei asymmetrisk form, og bredda varierer frå 13mm til 6mm. Den sit perfekt på ringfingeren med den breiaste sida mot veslefingeren, men dette er sjølvsagt valgfritt:)
Størrelsen på ringen er ca 59. Indre diameter 19mm.
Eg lagar alle ringane for hånd med enkle håndvertøy. Kvar stein er unik og kvar ring er unik. Det er mi meining at dei beste steinane fortjener å bli til ein ring, for då kan den enkelt nytast til fulle av den som ber ringen:)
Håndlaga i Telemark – frå mine hender til dine:)
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.