Beskrivelse
Denne ringen har ein nydeleg håndslipa tyrkisk agat. (steinen er ikkje slipa av meg) Ringen er oksidert for å framheve det valsa mønsteret. Den er asymmetrisk, og bredda er 13mm på eine sida, og 5mm på andre sida (sjå bilda). Størrelsen på steinen er 24mm x 13mm, inkludert fattinga. Den sit perfekt på ringfingeren, med den breie sida mot veslefingeren og den smale mot langfingeren. Då følger den forma på handa fint, men dette er sjølvsagt valgfritt:)
Størrelsen på ringen er ca 59, indre diameter 19mm. Dette er ein brei ring, så ver obs på det når du måler ringstørrelsen din.
Eg lagar alle ringane for hånd, kun med enkle håndverktøy, og akkurat som steinen er kvar ring unik. Håpet er at ringen blir ein varig favoritt hos ei som veit å sette pris på ekte håndverk, som vil ha noko ingen andre har maken til.
Håndlaga i Telemark – frå mine hender til dine:)
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.