Description
Produktinfo: Saueskinn frå eigen buskap av Gammalnorsk spelsau. Ullfellen til Gammalnorsk spelsau er todelt, med mjuk og varm botnull innerst og glansfull og slitesterk dekkull ytterst. Saman med det store mangfaldet i fargenyansar og mønster gjer dette lammeskinn av Gammalnorsk spelsau til eit unikt produkt av høg kvalitet.
God dyrevelferd er eit overordna mål for drifta vår og vi ser det som ein stor verdi at sauene har tilgang til uteareal heile året og får høve til å leve ut sine naturlege instinkt, både som individ og som eit sosialt flokkmedlem. Drifta vår er gras- og grovforbasert, slik at skinna våre i all hovudsak er eit resultat av lokal ressursnytting.
Skinnreiing er utført av Granberg Garveri AS.
Ullfarge: Svart
Bruk og vedlikehald: Skinn av Gammalnorsk spelsau er eit miljøvennleg produkt som har svært lang levetid. Ull er både slitesterk og naturleg smussavvisande, så skinn som vert rett stelte kan vare i generasjonar. Våre skinn kan vaskast og stellast etter denne rettleiinga:
Reviews
There are no reviews yet.