Description
Lite filigranssmykke for både små og store eventyr!
Serien Tusenogèn er inspirert av det enorme mangfaldet me finn i folkloren, i form av alt frå eventyr til tradisjonelle filigranssmykker, og kor mange fellestrekk dei har enten dei er frå Telemark, India, Russland eller Arabiske land. Sjølv om dei ironisk nok har fått rolla som symbol på det typisk nasjonale er det formspråk og element som snarare kan inspirere til å inkludere enn ekskludere.