Description
Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre to ingrediensar – talg og tistelolje. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Salva inneheld ingen parfyme eller eteriske oljer, og har ein mild og naturleg aroma.
Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Smør den på bleieutslett eller bruk den som kuldekrem. Salva er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen.
Symre hudkrem naturell er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.
(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje.)
Reviews
There are no reviews yet.