Symre ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium (60ml)

kr 350,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 ut av 5

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som er rensande, nærande og mjukgjerande. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

(Innhald: Talg, tistelolje, uttrekk av villhausta raudkløver, nyperoseolje, rosegeranium.) 

Produktet vil bli fraktet om 1-2 virkedager
Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som er rensande, nærande og mjukgjerande. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Kremen inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for dei med sensitiv hud og allergiar. Naturleg aroma.

Symre ansiktskrem er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta raudkløver, nyperoseolje.) 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Symre ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium (60ml)”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fraktinformasjon

60 kr i frakt for alle bestillingar. Me sender over heile Noreg, som regel i løpet av 1–2 virkedager.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping