Symre ansiktskrem med ryllik og appelsin (60ml)

kr 340,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 ut av 5

Symre ansiktskrem er ein frisk og oppkvikkande ansiktskrem med nydeleg aroma av appelsin. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også ryllik hausta i utmark på eigen gard. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane effekt på huda. Eterisk olje av appelsin har rensande og oppfriskande eigenskapar, og har ein frisk og oppløftande aroma. Naturleg og trygg hudpleie, laga på ein liten vestlandsgard!   

Produktet vil bli fraktet om 1-2 virkedager
Kategorier: , ,

Beskrivelse

Symre ansiktskrem er ein frisk og oppkvikkande ansiktskrem med nydeleg aroma av appelsin. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også ryllik hausta i utmark på eigen gard. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane effekt på huda. Eterisk olje av appelsin har rensande og oppfriskande eigenskapar, og har ein frisk og oppløftande aroma. 

Symre ansiktskrem er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta ryllik, eterisk olje av appelsin.) 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Symre ansiktskrem med ryllik og appelsin (60ml)”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fraktinformasjon

Varene vert sendt med posten, og me sender produkta vare innad i Noreg. Fast fraktpris er 60 kr. Fri frakt for kjøp over 1100 kr. 

Retningslinjer for avbestilling / retur / bytte

Opna varer kan ikkje returnerast/bytast. Kontakt oss på post@eengard om du har spørsmål om dette.

Slide
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.

PERSONVERN

Shopping cart
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping