Symre handkrem med furunålolje (60ml)

kr 340,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 ut av 5

Symre handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. Naturleg og trygg hudpleie, laga på ein liten vestlandsgard!

Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål, som gjer at den også kan passe godt til menn.

Den er veldig dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen. For raskt å få vekk tørr hud, småsår og rifter på hendene bør ein bruke kremen fleire gonger om dagen dei første dagane, og deretter etter behov.

Produktet vil bli fraktet om 1-2 virkedager
Kategorier: , ,

Beskrivelse

Symre handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Den er laga med talg av grasfôra og økologisk storfe frå garden vår, og med norskprodusert furunålolje. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, og talget inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Og furunålolja har sårhelande og antiseptisk effekt. Kremen er perfekt for dei som slit med tørre og sprukne hender.

Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål, som gjer at den også kan passe godt til menn.

Symre handkrem med furunålolje er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, norskprodusert furunålolje frå Kragerø.) 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Symre handkrem med furunålolje (60ml)»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fraktinformasjon

60 kr i frakt for alle bestillingar. Me sender over heile Noreg, som regel i løpet av 1–2 virkedager.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping