Borghild Telnes (f. 1961) er ein norsk kalligraf og kunstnar som har drive eigen verkstad sidan 1998, og ho arbeider no med kunst og kalligrafi på heiltid. Ho har studert kunsthistorie ved Universitetet i Oslo og seinare studert ved Einar Granums teikne- og maleskole i Oslo. Kalligrafikunnskapen har Borghild frå eit omfattande korrespondansekurs ved Roehampton Institute i London og fleire kurs med kjende kalligrafar. Ho kombinerer ofte kalligrafi med ulike trykk- og tekstilteknikkar, illustrasjon og ornamentikk og dekker ei rekke ulike stilar innan kalligrafi. Borghild Telnes har teke del på utstillingar i inn- og utland.
Borghild Telnes driv Firingan Kalligrafi og tek på seg ulike oppdrag innan kalligrafi for bedrifter, foreningar, offentlege instansar og privatpersonar. I tillegg til bestillingsoppdrag arbeider ho og med frie og meir temabaserte arbeid til utstillingar i ulike galleri. Ho held også ein del kurs i kalligrafi og enkle trykk-teknikkar.
Instagram: @borghildtelnes
Facebook: Firingan Kalligrafi