Produktfiltre

Logo
0 ut av 5

Gripen gard - Rurale tidsreiser

Ekstern hjemmeside

Gårdsprodukter, kurs, gårdsbesøk, Airbnb, festlokale, events mm.

Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet. Me har ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau. Difor handlar mykje av arbeidet om sauene, og ordne beite og vinterfôr til dei. Dei må og ha ein vêr i desember, og ekstra godt stell i lamminga i april (+-). I mai byrjar ull-sesongen.

Då vert kvar einskild sau kalla inn for å verte nappa, eller roa, som eg kallar det. I Gripen har me ei stor samling avlsvêrar og mange ulike linjer. Nokre brukar me sjølve, dei andre vert leigd ut til andre villsaubønder. Nokre vert seld og, men me elskar dei så fælt at me vil helst ha dei heimatt.  Me ser jo sauene kvar dag, og me følgjer med om ulla byrjar å sleppe. Vêrane er alltid først, dei byrjar å sleppe ulla i byrjinga av mai. Det er veldig viktig at vêrane slepp ulla lett, det er ein svært viktig eigenskap. Så nappar me sauene etter kvart som dei vert «mogne». Dei aller fleste sauene likar dette veldig godt, og det vert ei kosestund med sauen. Noko er lett å nappe, men om noko sit godt endå, let med dei gå, og kaller dei inn til ein ny «time» om ei eller fleire veker. Byrjar me å nærme oss juli, tek me nokre gonger fram saksa- Dei aller fleste sauene i Gripen, slepper ulla godt og ganske tidleg, så det er ikkje så mykje me brukar saksa. Kvar sau har sin sekk med ull. Sekken vert merkt med namnet på sauen, dato for napping, om ulla kom lett laus, og om me måtte bruka saksa litt. Så noterer me om det er mykje eller lite lanolin (ullfett), korleis botnulla  (tel) er, om det er mykje eller lite dekkhår (tog, dei lengre, striare og glattare håra, som er regnjakka til sauene), og korleis det er med dyrehår (daude hår, liknar på hjorte- eller reinshår) og vegetabilar (rusk og rask frå beitet). Seinare lagar me spinneprøvar for å vurdere ullkvaliteten endå meir; er ulla lett å karde, er ho tova, kort eller lang, er det lett å spinne. Så vasker me halvparten av spinneprøven, for å samanlikna uvaska og vaska garn. Så deler me prøvane i to ein gong til, Slik at halvparten går i ullkartoteket, og halvparten vert festa på sekken, alt på individnivå. Slik kan me observere ullkvaliteten gjennom avlen og livet til sauen. Nokre sauer har ull som høver best til sokkar og vottar, medan andre har mjuk og fin ull som det går an å lage kroppsnære plagg av. Vêrane har oftast den mjukaste ulla.

Me har ein liten hønseflokk, slik at me held oss med egg heile året, og sel det me ikkje treng. Hønene er fullstendig frittgåande og frittalande. Hønene har fleire haner til å passe på seg, og sjefshanen heiter alltid Jussi. No har me Jussi 3.

Elles har me berre ei høne med namn no, og det er Bobbo. Dei andre heiter berre Høna mi». Tre av hønene er 8 år, og legg nokre egg i veka framleis.

Gripens diva er den gigantiske minigrisen Nelly. Nelly er 9 år og tjukk! Det er nok ein god porsjon hengebuksvin i den grisen. To-tre gonger i året må me klippe klauvane hennar. Då må me helst vere fire personar. To til å halde ho, ein til halde foten, og eg som klipper. Ho klagar fælt medan det står på, og alle må ha hørselsvern, men etterpå er ho så glad! Og så veit ho at ha alltid får to kjeks-isar når ho er ferdig. Nelly vil gjerne vere med når det er besøk i tunet. Sjølv om ho er både humørsjuk og sur, og eigentleg berre vil ha mamsen (Helene Olli) for seg sjølv, oppfører ho seg alltid eksemplarisk når det er folk her. Ho held ut to dagar i strekk med sommarskule, og gjer triks og har det artig. Og er blid nesten heile tida.

I Gripen prøver me å vere så sjølvforsynt som muleg. Me har stor kjøkenhage, me har bêrbuskar og frukt-tre. Me held oss sjølve med kjøt, me fiskar i Storavatnet og i sjøen, og me haustar frå naturen.  Me steller og kultiverer dei ville hasselkjerra, slik at me får betre nøtteavling for kvart år. Me har og bier som me frydar oss over å stelle med.

I tillegg til kjøkenhagen har me og frå i haust, og i alle fall neste år, Marknadshage. Marknadshagen heiter Gripen Grønt, og det Kristine Snusmumriken Takvam sitt foretak.

No er me så heldige at me har Joosje Paree her, og hennar prosjekt er å dyrke sopp, og drive kjøkenhagen vår. Joosje er veldig elska av vår ungarske pumi Petra. Joosje tek Petra på lange turar, og etter at Joosje har vore her ei stund byrjar Petra å få att den kroppsfasongen det er meininga ho skal ha.

I tillegg til Petra, som snart er tre år og har frykteleg mykje energi, har me dvergdachsane Vilma og Pippa. Vilma er 13 år og både døv og blind, men ho har det framleis fint i livet, og me prøver å gjere livet hennar både trygt og interessant. Pippa er 9 år, men oppfører seg som ein kvalp framleis.

To katter har me i Gripen. Dei gjer ein svært viktig jobb. Dei held garden fri for mus og rotter. Dei er svært flinke og effektive jegarar.

I Gripen har me «Verdas minste gardsbutikk» Sjølv om me har utvida ein gong.  Det er eit skåp med glasdør som har fått dette fæsjy namnet. Me sel sjølvsagt mykje meir enn me får plass til der. Kva me har i butikken er stort sett avhengig av sesong. Men det er alt frå sesongens grønsaker, hasselnøtter, ull, garn, skinn, kjøt, pinnekjøt, fenalår, brikkevevde belter, armband osv.  Sjekk nettbutikken, same tinga er der.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping