Produktfiltre

Logo
0 ut av 5

OPP I BAKKJI er eit lite kystbruk på Koparstad, ein sørvend gard på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre. Her bur vi solvendt innunder fjellet, med utsikt mot skipsleia og med storhavet som næraste granne.

I 2016 kom Ulla, Tornerose, Blåbæ, Kvitkrull og Tornerose til gards, fem flotte lam av rasen gammalnorsk spelsau. GNS er etterkomarar av den gammalnorske sauen, og er ein av våre tradisjonelle saueraser.

I dag har flokken auka til 30 vinterfora GNS, og framleis har kvar av sauene namn. Vi ynskjer at sauene skal ha det godt og få leve ut sine naturlege instinkt og behov. Dei leverer det meste av livet i flokken, på beite frå fjøre til fjell, og heile året har dei høve til å røre seg i frisk luft. Attende får vi ull og skinn og kjøt av høg kvalitet, råvarer som vert vidareforedla til berekraftige kvalitetsprodukt.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping