Beskrivelse
Babytøfler i saueskinn, med varm og mjuk ull av gammalnorsk spelsau innvendig.
Produktinfo: Babytøflene er handsydde i skinn av Gammalnorsk spelsau, og dekorerte med trykk. Skinnråvarene kjem frå eigen buskap, skinnreiing er utført ved Granberg Garveri AS.
Ullfarge: Kvit
Storleik: Lengde ca 11 cm, breidde ca 5 cm, høgde ca 9cm.
Bruk og vedlikehald: Tøflene er laga for innandørs bruk, og er ikkje eigna for vask. Men dei er godt eigna til å ha i vogna på kalde dagar, eller t.d. i beremeisen med fotposar utanpå. Dersom skinnsida vert våt, vil skinnet stivne når det tørkar. For å skinnet mjukt att skal det strekkjast i alle retningar før det er heilt tørt.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.