Symre hudkrem naturell – barnesalve/sensitiv hud (60ml)

kr 300,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 ut av 5

Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre to ingrediensar – talg og tistelolje. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Salva har ein mild og naturleg aroma.

Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Smør den på bleieutslett eller bruk den som kuldekrem.

Salva er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje.) 

Produktet vil bli fraktet om 1-2 virkedager
Kategorier: , ,

Beskrivelse

Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre to ingrediensar – talg og tistelolje. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Salva inneheld ingen parfyme eller eteriske oljer, og har ein mild og naturleg aroma.

Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Smør den på bleieutslett eller bruk den som kuldekrem. Salva er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen.

Symre hudkrem naturell er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje.) 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Symre hudkrem naturell – barnesalve/sensitiv hud (60ml)”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fraktinformasjon

60 kr i frakt for alle bestillingar. Me sender over heile Noreg, som regel i løpet av 1–2 virkedager.

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping