Beskrivelse
Todelt ørepynt, der den eine sida er emaljert og den andre er i filigran. Serien Tusenogèn er inspirert av det enorme mangfaldet me finn i folkloren, i form av alt frå eventyr til tradisjonelle filigranssmykker, og kor mange fellestrekk dei har enten dei er frå Telemark, India, Russland eller Arabiske land. Sjølv om dei ironisk nok har fått rolla som symbol på det typisk nasjonale er det formspråk og element som snarare kan inspirere til å inkludere enn ekskludere. Desse passar både for store og små eventyr enten det er fjernt eller nært.