Produktfiltre

Logo
0 ut av 5

Firfletta

Firfletta er eit enkeltpersonsforetak som held til i Bø i Telemark.  Den gamle teknikken firfletting blir fornya i moderne fargerike produkt. Desse har inspirasjon frå noko gammalt, men formgjevinga er ny.

Torhild Aavik lærte seg å firflette i år 2000.  Her er ein video med Torhild Aavik om firflettingsteknikken. I dag er det så få som kan firflette at teknikken er raudlista av Norges Husflidslag. Ei side ved bedrifta er å halde kurs i teknikken.

I det gamle bondesamfunnet var denne type tekstilar ein del av husbunaden som dei tok fram når det var fest i heimen. Julehandkledet var heilt kvitt eller brodert og hadde eit flatemønster i den eine tverrenden. I ledige stunder kunne ungjentene og kvinnene på garden lære seg å firflette. Og kunnskapen gjekk vidare frå generasjon til generasjon.   Dette er ein gamal film frå arkivet til Norsk folkemuseum. Det var kjære tekstiler å ha på kistebotnen og dei gjekk i arv på garden. 

Kontaktinformasjon:
(epost) torhild.aavik@firfletta.no   
(mobil) 482 21 956     
(adresser) Øvre Borgvin 12A eller 18, 3801 BØ I TELEMARK

Slide
Logo Made in Norway
FOR BEDRIFTER
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.
PERSONVERN

Shopping cart0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping