Symre universalkrem med mynte

kr 340,00

Produsent:  Symre hudkrem
0 ut av 5

Symre universalkrem med mynte er ein allsidig krem for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Den er trygg og god til barn – både til bleieutslett og som kuldekrem. Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte har ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse. 

Produktet vil bli fraktet om 1-2 virkedager
Kategorier: , ,

Beskrivelse

Symre universalkrem med mynte er ein allsidig krem for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Den er trygg og god til barn – både til bleieutslett og som kuldekrem. Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte har ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse. 

Symre universalkrem med mynte er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av mynte, eterisk olje av grønmynte.) 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Symre universalkrem med mynte”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fraktinformasjon

60 kr i frakt for alle bestillingar. Me sender over heile Noreg, som regel i løpet av 1–2 virkedager.

Slide
OM NORWEGIAN MADE

For samarbeid og andre henvendelser, kontakt oss gjerne her.

For kontaktinformasjon til våre produsenter, se PRODUSENTER.

PERSONVERN

Shopping cart
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping